Hopp til innhold
X
Innhald

Manáus

Manáus, by og hovudstad i delstaten Amazonas i Brasil. Han har om lag 1,7 millionar innbyggjarar. Byen er eit handelssentrum med ei viktig elvehamn og fleire industrianlegg som ligg i ei frihandelssone, mellom anna oljeraffineri. Manáus har òg eit universitet.
 
Byen har vore busett sidan 1669, og under gummiboomen frå 1890 til 1920 vart han velståande. Det var også i denne perioden at det kjende operahuset i byen vart bygd.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012