Hopp til innhold
X
Innhald

Mar del Plata

Mar del Plata, by i Argentina, ved havet 375 km søraust for Buenos Aires. Han har om lag 700 000 innbyggjarar. Byen er eit handelssentrum og ein badestad med fleire kasino og stor turisme. I Mar del Plata finn ein dessutan møller, slaktehus, papirindustri og konservesindustri, og byen har i tillegg eit universitet. Han vart grunnlagd i 1874.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012