Hopp til innhold
X
Innhald

Maracaibo

Maracaibo, nest største by i Venezuela med om lag 1,9 millionar innbyggjarar medrekna forstadene. Byen har ei oljehamn ved innløpet til Maracaibosjøen, og han ligg sentralt i det rikaste oljefeltet i Venezuela. Maracaibo har også eit universitet. Byen vart grunnlagd i 1571.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012