Hopp til innhold
X
Innhald

Masaya

Masaya, by i det sørvestlege Nicaragua, ved foten av Masayavulkanen. Han har om lag 122 000 innbyggjarar og er handels- og industrisentrum i eit jordbruksområde. Byen er elles kjend for handverksproduksjonen sin. Masaya har veg- og jernbanesamband til Managua og Granada.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012