Hopp til innhold
X
Innhald

Mazatlán

Mazatlán, by i delstaten Sinaloa i Mexico, ved innløpet til Californiabukta. Han har om lag 345 000 innbyggjarar og er ein viktig hamneby. Det skjer i tillegg mykje handel i byen, og han er ein viktig turiststad. Sukkerindustri og tekstilindustri er viktige næringar. Mazatlán har ferjesamband til Baja California.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012