Hopp til innhold
X
Innhald

Memphis

Memphis, by i delstaten Tennessee i USA med 1,2 millionar innbyggjarar medrekna forstadene. Han har ein stor bomullsmarknad, ei elvehamn og ein del kjemisk industri. Byen har også universitet.
Memphis er kjend som ein sentral stad både i bluesen si historie, jamfør. W.C. Handy, og for rock ’n’ roll, jamfør. Elvis Presley og Jerry Lee Lewis.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012