Hopp til innhold
 Mexicali. Foto: Wendell, flickr.com CC BY
Mexicali. Foto: Wendell, flickr.com CC BY
X
Innhald

Mexicali

Mexicali er hovudstad i delstaten Baja California Norte, i det nordvestlege Mexico. Byen har om lag 936 000 innbyggjarar medrekna alle forstader. Mexicali var tidlegare sentrum i eit bomullsdistrikt, medan det no vert drive meir hagebruk. Byen har ei rekkje fabrikkar der ein monterer og ferdiggjer produkt av delar som er produserte andre stader. Byen har fleire universitet. Mexicali er i rask vekst sidan han ligg så nær USA.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013