Hopp til innhold
Frukt til sals i Mexico by. Foto Design for health, flickr,com CCB
Frukt til sals i Mexico by. Foto Design for health, flickr,com CCB
X
Innhald

Mexico by

Mexico by, på spansk Ciudad de México, er hovudstaden i Mexico. Byen har 8,9 millionar innbyggjarar, men medrekna alle forstader er han verdas nest største byområde med om lag 21,9 millionar innbyggjarar.
 
Byen ligg nær 2300 meter over havet og er grunnlagd på ruinane av aztekarane sin hovudstad Tenochtitlán. Mexico by er det kulturelle og industrielle sentrumet i Mexico og eit sentralt samferdselsknutepunkt. Byen har tre universitet, og det eldste er frå 1551. Vidare finn ein nasjonalmuseet og fleire etnografiske museum. Domkyrkja vart bygd 1573–1667. Byplanen i dei sentrale delane har sjakkbrettmønster, og byen har breie gater og store parkar.
 
Den eksplosive veksten har ført til svært store problem, blant anna er luftforureininga dramatisk. Det olympiske stadionet som vart nytta ved sommarleikane i 1968, ligg ved universitetsbyen i sør. Eit jordskjelv som målte 8,1 på richterskalaen, øydela i 1985 delar av byen og drap minst 10 000 menneske.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013