Hopp til innhold
X
Innhald

Miami

Miami, by i delstaten Florida i USA med om lag 5 millionar innbyggjarar medrekna forstadene. Elektronisk industri, plastindustri og turisme er viktige næringar. Byen har dessutan ei hamn for cruiseskip, for han er ein av dei mest populære badestadene i USA. Det kjem mellom anna mange pensjonistar til byen. Miami har fleire universitet og høgskular i tillegg til ei norsk sjømannskyrkje. Han vart grunnlagd i 1896.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012