Hopp til innhold
X
Innhald

Milwaukee

Milwaukee, by i delstaten Wisconsin i USA med om lag 591 000 innbyggjarar, eller om lag 1,8 millionar med forstadene. Byområdet Milwaukee–Chicago har om lag 11,1 millionar innbyggjarar. Byen har ei innsjøhamn, ein del næringsmiddelindustri og ein kornmarknad. Dessutan har han universitet og høgskular. Milwaukee vart grunnlagd i 1818.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012