Hopp til innhold
 17.mai-feiring i Minneapolis. Foto: Jannellie, flickr.com CC BY
17.mai-feiring i Minneapolis. Foto: Jannellie, flickr.com CC BY
X
Innhald

Minneapolis

Minneapolis er ein by i delstaten Minnesota i USA. Han ligg ved elva Mississippi med St. Paul, som er hovudstad i delstaten Minnesota, på den andre breidda. Saman vert byområdet kalla for Twin City. Heile byområdet har om lag 3,0 millionar innbyggjarar.
 
Byen huser ein av verdas største marknadar for kveite. Mange av innbyggjarane er av norsk ætt. Minneapolis har mølleindustri og mange slakteri, og byen har universitet og fleire høgskular. Byen vart grunnlagd i 1851.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013