Hopp til innhold
 Bryggjeri i Monterrey. Foto: fjlehnerz, flickr.com CC BY
Bryggjeri i Monterrey. Foto: fjlehnerz, flickr.com CC BY
X
Innhald

Monterrey

Monterrey er hovudstad i delstaten Nuevo León i det nordaustlege Mexico. Byen har om lag 1,1 millionar innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 4,1 millionar. Monterrey har sementindustri og er hovudsete for Cemex, ei av verdas største sementprodusentar. I tillegg har byen tungindustri, smelteverk, tekstilindustri og eit av verdas største bryggjeri, eigd av Heineken. Byen er eit samferdselsknutepunkt, og turisme er ei viktig næring. Monterrey har fleire universitet. Byen vart grunnlagd i 1579.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013