Hopp til innhold
X
Innhald

Montréal

Montréal, by i provinsen Québec i Canada. Han har om lag 3,6 millionar innbyggjarar medrekna forstadene, og størstedelen av dei er fransktalande. Byen er den nest største handels- og industribyen i Canada (etter Toronto) og eit finanssentrum. Ved St. Lawrence ligg det ei viktig elvehamn.
 
Montréal, som vart grunnlagd i 1642 av franskmennene, har dessutan fleire kjende universitet. Byen arrangerte sommar-OL i 1976.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012