Hopp til innhold
X
Innhald

Mérida (Mexico)

Mérida, by og hovudstad i delstaten Yucatán i det søraustlege Mexico. Han har om lag 905 000 innbyggjarar med forstader. Byen vart grunnlagd i 1542, og er i dag eit sentrum for handel og turisme. I tillegg har han ein del industri, universitet (sidan 1624) og mayamuseum. Mayasentruma Chichén Itzá og Uxmal ligg i nærleiken.

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012