Hopp til innhold
X
Innhald

Nashville

Nashville, by og hovudstad i delstaten Tennessee i USA. Han har om lag 1,2 millionar innbyggjarar inkludert Davidson. Byen har ei elvehamn og er eit samferdselsknutepunkt. I tillegg har han mykje industri og fleire universitet. Nashville er kjend som sentrum for country- og westernmusikk. Han vart grunnlagd i 1779.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 16.01.2012