Hopp til innhold
Natal. Foto: Fabio Pinheiro flickr.com CC BY
Natal. Foto: Fabio Pinheiro flickr.com CC BY
X
Innhald

Natal

Natal er hovudstad i delstaten Rio Grande do Norte, i det nordaustlege Brasil. Byen har om lag 1,3 millionar innbyggjarar medrekna alle forstader. Natal er ein viktig hamneby og eit samferdselsknutepunkt. Frå byen vert det eksportert sukker, salt, bomull og huder.
 
Turismen er ei viktig næring, og byen er eit populært mål for norske og skandinaviske turistar. Natal har bomullsindustri. Det er to offentlege universitet i byen. Natal vart grunnlagd i 1597.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013