Hopp til innhold
 Yale Universitet. Foto: Omer Kabir, flickr.com CC BY
Yale Universitet. Foto: Omer Kabir, flickr.com CC BY
X
Innhald

New Haven

New Haven er ein by i delstaten Connecticut i USA. Byen ligg ved Long Island Sound. Han har om lag 125 000 innbyggjarar, og han er ein del av storbyområdet langs Long Island Sound mot Bridgeport og Stamford som har om lag 1,7 millionar innbyggjarar. New Haven er sete for Yale University.
 
Byen vart grunnlagd av puritanarane i 1638, og har mange jødar og irlendarar. Tidlegare hadde byen ein omfattande industri, blant anna vart det produsert flydelar, ammunisjon og skytevåpen, men no er Yale University den viktigaste arbeidsplassen

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013