Hopp til innhold
Mardi gras, New Orleans. Foto :The Library of Congress, flickr.com CCBY
Mardi gras, New Orleans. Foto :The Library of Congress, flickr.com CCBY
X
Innhald

New Orleans

New Orleans er ein by i delstaten Louisiana i USA. Byen ligg ved elva Mississippi og har om lag om lag 360 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader 1,2 millionar. New Orleans er det største bomullssentrumet i USA, og han er ein av dei viktigaste hamnebyane i landet. Byen har omfattande industri, blant anna innanfor aluminium, tekstil, olje og næringsmiddel. New Orleans har fleire universitet, blant dei Tulane og Xavier.
Byen har ein omfattande turisttrafikk, særleg i samband med dei lange musikk- og karnevalstradisjonane i byen. Dei omfattar jazzfestivalar og Mardi Gras. Det er norsk sjømannskyrkje i New Orleans.
Byen vart grunnlagd av franskmennene i 1718, vart så spansk i 1763 og fransk igjen i 1800. I 1803 vart Louisiana seld til USA. Gamlebyen Vieux Carré er prega av tronge gater og hus med smijernsgitter, medan dei nye bydelane har breie og rette gater og subtropiske plantar.
New Orleans vart råka av orkanen Katrina, som sette meir enn 3/4 av byen under vatn i august 2005, noko som resulterte i store materielle og menneskelege tap med om lag 1500 omkomne. Folketalet i sentrum av byen vart nærast halvert i perioden etter Katrina, og arbeidet med å gjenreise byen har teke lang tid. Først i 2010 har folketalet i sentrum nådd nivået frå før Katrina.  

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013