Hopp til innhold
Fridomsgudinna (The Statue Of Liberty) på Liberty Island ved New York. Foto: Eric Schaefer, flickr.com CC BY-NC-ND 2.0
Fridomsgudinna (The Statue Of Liberty) på Liberty Island ved New York. Foto: Eric Schaefer, flickr.com CC BY-NC-ND 2.0
X
Innhald

New York (by)

New York, by i USA, på austkysten i delstaten New York.

Han har om lag 8,1 millionar innbyggjarar, og det samanhengande storbyområdet, medrekna byane omkring, har om lag 21,8 millionar innbyggjarar. New York–Philadelphia er med 30,4 millionar innbyggjarar det nest største byområdet i verda.
 
Foto: Roman Iakoubtchik flickr.com CC BY 2.0
 
Foto: Roman Iakoubtchik flickr.com CC BY 2.0

New York er ein stor hamneby, eit finanssentrum (Wall Street-området) og eit handels- og industrisentrum. Byen har også fire store flyplassar (mellom andre John F. Kennedy International) og undergrunnsbane. I tillegg finn ein fleire universitet, Metropolitan-operaen, Metropolitan Museum of Art, Museum of Modern Art og Guggenheim Museum. FN sitt hovudkvarter er dessutan plassert i New York. Elles ligg det ei norsk sjømannskyrkje i byen.
 
 
"Skrik" av Edvard Munch var utstilt på Metropolitan Museum of Art i 2013 og var svært populær. Foto: Parker Miles Blohm, flickr.com CC BY 2.0
 
 
Bykjernen er øya Manhattan med eit rettlinja gatenett og den lengste gata i verda, Broadway, som er kjend for teater og andre underhaldningsstader. Skyskraparane blir rekna som eit symbol på byen. I New York ligg også det svarte strøket Harlem. Bydelane er Manhattan, Bronx, Brooklyn, Queens og Staten Island (tidlegare Richmond).
 
Central park. Foto: Sylvian Sechet, flickr.com CC BY 2.0
 
Central park. Foto: Sylvian Sechet, flickr.com CC BY 2.0
 
 
New York vart etablert av nederlendarar som Nieuw Amsterdam i 1626, men britane tok over og gav han det noverande namnet i 1664. Etnisk sett har byen ein svært samansett folkesetnad. Han slit med store sosiale problem, men kriminaliteten har likevel gått drastisk ned dei siste åra.
 
New York vart hardt ramma av terrorangrepa mot USA 11. september 2001, då to kapra fly krasja i dei to tårna til World Trade Center, slik at desse rasa saman

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.01.2012
Sist oppdatert: 28.05.2014