Hopp til innhold
X
Innhald

Newark

Newark er ein hamneby i delstaten New Jersey i USA. Byen ligg vest for New York, og han har om lag 280 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 2,1 millionar. Newark har ein omfattande industri, og det vert blant anna produsert kjemikalium, lêrvarer, verktøy, plast og elektronikk. Byen har ein internasjonal flyplass.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013