Hopp til innhold
X
Innhald

Nuuk

Nuuk, dansk Godthåb, by på sørvestkysten av Grønland som har vore administrasjonssentrum der sidan 1950. Han har 14 500 innbyggjarar og mange skular og institusjonar. Vidare har han universitet og er sete for Landsrådet, landshøvdingen og domstolane. Fiske og verftsindustri er viktige næringar. Det ligg dessutan ei lufthamn i byen. Nuuk vart grunnlagd i 1728 av Hans Egede.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012