Hopp til innhold
 Oakland med brua over til San Fransisco. Foto: special_e_phax, flickr.com CC BY
Oakland med brua over til San Fransisco. Foto: special_e_phax, flickr.com CC BY
X
Innhald

Oakland

Oakland er ein by i delstaten California i USA. Byen ligg på austsida av San Francisco-bukta, og han har om lag 390 000 innbyggjarar. Oakland er knytt til San Francisco ved ei todelt 7,2 km lang bru. Byen er endepunkt for to transkontinentale jernbanar. Oakland har mangesidig industri og skipsverft. Fram til 1989 hadde byen ein flåtebase, og han er ei viktig containerhamn. Oakland har helseindustri og er sete for Kaizer Permanente, som er ei av dei største helseprodusentane i USA.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013