Hopp til innhold
X
Innhald

Oaxaca

Oaxaca eller Oaxaca de Juarez, by og hovudstad i delstaten med same namn i det sørlege Mexico, på 1534 moh. Han har om lag 265 000 innbyggjarar.
 
Handverksproduksjon, særleg av tekstilar, er ei viktig næring. Byen har mellom anna ei rekkje byggverk frå spansk kolonitid og universitet.
 
Oaxaca vart grunnlagd i 1486 av aztekarne og erobra av spaniarane i 1521. I nærleiken av byen ligg mixtekruinane i Mitla og zapotekruinane Monte Albán.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012