Hopp til innhold
X
Innhald

Oklahoma City

Oklahoma City, by og hovudstad i delstaten Oklahoma i USA med om lag 530 000 innbyggjarar, eller om lag 1,1 millionar i storbyområdet. Han vart grunnlagd i 1889, då meir enn 10 000 nybyggjarar etablerte seg i området.
 
Byen er eit knutepunkt for samferdsel, og har fleire store slakteri, stålverk og annan industri. Vidare er han eit sentrum for flyindustri og flyvåpenet (Tinker Air Force Base).
 
I april 1995 vart ein føderal kontorbygning totalt øydelagd ved eit terrorangrep. 168 døydde, og meir enn 500 vart såra. Timothy J. McVeigh vart funnen skuldig i angrepet og avretta i 2001.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 22.05.2013