Hopp til innhold
X
Innhald

Olinda

Olinda, by i delstaten Pernambuco i det nordaustlege Brasil. Han har om lag 378 000 innbyggjarar. Byen er ein badestad der sigarfabrikken og sukkerindustrien er viktige næringsvegar. Elles kan det nemnast at byen har ein kunstnarkoloni.
 
Olinda er ein av dei eldste byane i Brasil; han vart grunnlagd så tidleg som i 1537. På 1600-talet var han sentrum for sukkerproduksjonen i landet, som vart driven ved hjelp av afrikanske slavearbeidarar. Nederlendarane okkuperte byen frå 1630 til 1654. Olinda er erklært som kulturminnesmerke av UNESCO

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012