Hopp til innhold
X
Innhald

Olympia

Olympia, by og hovudstad i delstaten Washington i USA med om lag 45 000 innbyggjarar. Han vart grunnlagd i 1851 som Smithfield. Seinare vart han døypt om etter den nærliggjande fjellkjeda Olympic Mountains.
Byen er eit sentrum for trelast og fiske, men har òg ein del turisme, særleg rundt Olympic National Park med mektige skogområde, høgfjell og mange isbrear. Denne nasjonalparken vart oppretta i 1938.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012