Hopp til innhold
X
Innhald

Omaha

Omaha, by i delstaten Nebraska i USA med om lag 736 000 innbyggjarar med forstadene. Han er eit sentrum for korn- og kveghandel i tillegg til at han har oljeraffineri og metallindustri. Byen har mellom anna to universitet og hovudkvarteret for den amerikanske strategiske luftkommandoen. Området høyrde til omahaindianarane fram til 1854. Sidan 1857 har det vore by der.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012