Hopp til innhold
X
Innhald

Orizaba

Orizaba, by i delstaten Veracruz i Mexico, søraust for hovudstaden. Han ligg på 1284 moh. og har om lag 121 000 innbyggjarar, eller om lag 595 000 medrekna forstadene. Bomullsindustri, tobakksindustri og turisme er viktige næringar. Byen vart grunnlagd på 1500-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012