Hopp til innhold
X
Innhald

Ottawa

Ottawa, by og hovudstad i Canada, i provinsen Ontario. Han har om lag 864 000 innbyggjarar, eller om lag 1,1 millionar med forstader.
 
Byen er eit jernbaneknutepunkt og har elles ein del industri. Vidare har han mellom anna tre universitet, nasjonalbibliotek, ein del museum og ein norsk ambassade. Parlamentsbygningane i byen er i gotisk stil.
 
Arbeidet med Ottawa starta i 1826. Byen  heitte Bytown til 1854, og har vore hovudstad sidan 1858. Han ligg ved elva Ottawa, ei sideelv til elva St. Lawrence, som er seglbar opp til byen. Frå Ottawa fører Rideaukanalen sørvestover til Ontariosjøen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012