Hopp til innhold
X
Innhald

Palm Beach

Palm Beach, badeby i delstaten Florida i USA. Han ligg på ein sandtange mellom Atlanterhavet i aust og Lake Worth i vest, og har brusamband til den langt større nabobyen West Palm Beach. Han utgjer saman med denne sentrum i eit bymessig busett område med om lag 600 000 innbyggjarar. Turisme er ei viktig næring.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012