Hopp til innhold
Katedralen i Panama by. Foto: Shubert Ciencia, flickr.com , CC BY
Katedralen i Panama by. Foto: Shubert Ciencia, flickr.com , CC BY
X
Innhald

Panama by

Panama by, på spansk Ciudad de Panamá, er hovudstad i republikken Panama. Byen ligg nær Panamakanalen sitt utløp i Stillehavet, og han har om lag 880 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 1,3 millionar. Det er hamn i Balboa. Byen har forbruksvareindustri og mange arbeidsplassar innanfor tenesteyting til kanalanlegga, dessutan er han eit internasjonalt bank- og handelssentrum. Panama by har to universitet.
Byen vart grunnlagd i 1519, og han vart hovudstad då landet vart sjølvstendig stat i 1903. Byen har vakre bygningar i spansk kolonistil og ein katedral frå 1760. Panama by vart brend av Henry Morgan i 1671, og Gamle Panamá er no ein ruinby og eit turistmål. Byen vart i 1673 flytta 8 km mot vest. Panama by har ein internasjonal flyplass, Tocumen, som er eit viktig kommunikasjonsknutepunkt for Mellom- og Sør-Amerika.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013