Hopp til innhold
 Paramaribo. Foto: Oskari Kettunen, flickr.com CC BY.jpg
Paramaribo. Foto: Oskari Kettunen, flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Paramaribo

Paramaribo er hovudstad i Surinam, tidlegare Nederlandsk Guyana, som ligg på nordaustkysten av Sør-Amerika. Byen har om lag 219 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Surinam og er det dominerande sentrumet i landet. Paramaribo har internasjonal flyplass og hamn, og det finst aluminiumsverk og sementindustri. Byen har universitet. Gamlebyen vart plassert på UNESCO si verdsarvliste i 2002.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013