Hopp til innhold
X
Innhald

Pasadena

Pasadena, by i delstaten California i USA med om lag 135 000 innbyggjarar. I Pasadena ligg California Institute of Technology med mellom anna eit romforskingssenter. Produksjon av fly, rakettdelar og presisjonsinstrument skjer også i byen. Han har òg eit kunstmuseum. Pasadena vart grunnlagd i 1874.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012