Hopp til innhold
X
Innhald

Petrópolis

Petrópolis, by i Brasil, nord for Rio de Janeiro. Han har om lag 283 000 innbyggjarar og er ein feriestad med godt klima og vakre omgivnader i tillegg til at han er eit kongressentrum. Kjemisk industri, tobakksindustri og tekstilindustri er viktige næringar. Byen har òg universitet.
Petrópolis vart grunnlagd av tyske immigrantar i 1845, og er kalla opp etter den brasilianske keisaren Pedro II, som heldt til i byen med hoffet sitt om somrane.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012