Hopp til innhold
X
Innhald

Philadelphia

Philadelphia, by i delstaten Pennsylvania i USA, ved Delaware River. Han har om lag 1,5 millionar innbyggjarar, eller om lag 6 millionar med forstader. Philadelphia–New York er med 30,4 millionar innbyggjarar det nest største byområdet i verda.
 
Philadelphia vart grunnlagd som kvekarkoloni av William Penn i 1682. Den amerikanske sjølvstendeerklæringa vart gitt i Independence Hall i Philadelphia 4. juli 1776.
 
I dag er byen eit kultursentrum med eit kjent symfoniorkester. Vidare har han fleire universitet, høgskular, museum, zoologisk hage og botanisk hage. Skipsverft og maskin-, metall-, tekstil- og elektroindustri er viktige næringar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012