Hopp til innhold
X
Innhald

Pierre

Pierre, by og hovudstad i delstaten Sør-Dakota i USA. Han har om lag 14 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagd som Aricara i 1822, og var sentrum for ferdsel på øvre del av Missouri og gullrushet i 1880-åra. I dag er byen del av eit jordbruksområde med mykje korn og storfe. Pierre har òg noko turisme.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012