Hopp til innhold
Ponce, Puerto Rico. Foto: Bruno Miranda, flickr.com CC BY
Ponce, Puerto Rico. Foto: Bruno Miranda, flickr.com CC BY
X
Innhald

Ponce

Ponce er ein by på Puerto Rico. Byen har om lag 166 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 442 000. Ponce har tekstilindustri og kjemisk industri i tillegg til eit oljeraffineri i hamneområdet Playa de Ponce. Byen har universitet. Ponce er den viktigaste hamna i Karibia, og ho var utgangspunkt for USA sin invasjon av landet i 1898.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013