Hopp til innhold

 Matlaging i Popayán. Foto: Santiago La Rotta, flickr.com CC BY
Matlaging i Popayán. Foto: Santiago La Rotta, flickr.com CC BY
X
Innhald

Popayán

Popayán er ein by sørvest i Colombia. Byen ligg 1760 meter over havet og har om lag 258 000 innbyggjarar. Byen har tekstilindustri, næringsmiddelindustri og skoindustri, og han er eit viktig tradisjonelt kultursentrum. Popayán har universitet. Byen ligg ved vulkanen Puracé, og 60 % av byen vart øydelagd av jordskjelv i 1983. Popayán vart grunnlagd i 1535. Byen er klassifisert av UNESCO som Unesco gastronomiby.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013