Hopp til innhold
 Port-au-prince, etter jordskjelvet. Foto: UN Photo, Marco Dormino, flickr.com CC BY
Port-au-prince, etter jordskjelvet. Foto: UN Photo, Marco Dormino, flickr.com CC BY
X
Innhald

Port-au-Prince

Port-au-Prince er hovudstad i Haiti. Byen ligg innerst i Gonaïvesbukta, og han har om lag 900 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 2,5 millionar. Port-au-Prince er det økonomiske sentrumet og den dominerande hamnebyen i Haiti. Byen har sukker-, tobakks- og sementindustri. Han har eit offentleg universitet.
Port-au-Prince vart grunnlagd i 1749, og byen har vore hovudstad frå 1770. Byen vart totalt øydelagd av eit kraftig jordskjelv 12. januar 2010, og over 200 000 menneske døydde i byen.  

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2013
Sist oppdatert: 02.04.2013