Hopp til innhold
X
Innhald

Portland

Portland, by i delstaten Oregon i USA med om lag 550 000 innbyggjarar. Med byområda Oregon, Washington og Salem har han om lag 2,3 millionar innbyggjarar.
Treforedlingsindustri, kjemisk industri og næringsmiddelindustri er viktige næringar, og byen har dessutan fleire universitet og høgskular. Han er i tillegg eit handelssentrum. Elles er Portland kjend for rosefestivalen sin i juni.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012