Hopp til innhold
 Potosi. Foto: Lisa Weichel, flickr.com CC BY
Potosi. Foto: Lisa Weichel, flickr.com CC BY
X
Innhald

Potosí

Potosí er ein by i Bolivia. Byen ligg 4200 meter over havet, ved fjellet Cerro de Potosí. Han har om lag 143 000 innbyggjarar. Potosí vart grunnlagd som gruveby i 1545. Tidlegare vart det vunne ut store mengder malm frå fjellet, blant anna tinn- og sølvmalm. Byen har smelteverk, universitet, gruvemuseum og mange kyrkjer. Potosí står på UNESCO si verdsarvliste. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2013
Sist oppdatert: 03.04.2013