Innhald
Pôrto Alegre
Pôrto Alegre, by og hovudstad i delstaten Rio Grande do Sul i det sørlege Brasil. Han har om lag 1,4 millionar innbyggjarar, eller om lag 3,6 millionar med forstader. Pôrto Alegre er ein hamne- og handelsby med mellom anna ein allsidig industri og to universitet. Byen vart grunnlagd i 1742, og han har mange innbyggjarar av tysk og italiensk ætt.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012