Hopp til innhold
 Puebla. Foto: Russ Bowling, flickr.com CC BY
Puebla. Foto: Russ Bowling, flickr.com CC BY
X
Innhald

Puebla

Puebla, på spansk Puebla de Zaragoza, er ein by i Mexico. Byen er hovudstad i delstaten av same namn, og ligg søraust for hovudstaden Mexico by, 2162 meter over havet. Puebla har om lag 1,4 millionar innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 2,6 millionar.
 
Puebla er sentrum i eit viktig jordbruks- og industridistrikt. Byen har store bomullsfabrikkar, to bilfabrikkar, og ein finn også keramisk industri, glass-, tre- og papirindustri . Puebla fekk store skader i eit jordskjelv i august 1973. Byen vart grunnlagd i 1532. Puebla står på UNESCO si verdsarvliste

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2013
Sist oppdatert: 05.04.2013