Hopp til innhold
X
Innhald

Puerto Cortés

Puerto Cortés er ein by i Honduras. Han ligg ved Karibhavet og har om lag 165 000 innbyggjarar. Byen har fleire oljeraffineri og ei viktig hamn som vert nytta til eksport av bananar og tømmer. Puerto Cortés vart grunnlagd i 1524 som La Natividad, og heitte Puerto Caballos til 1869. Det noverande namnet har byen etter grunnleggjaren, Hernán Cortés.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2013
Sist oppdatert: 05.04.2013