Hopp til innhold
X
Innhald

Puerto Plata

Puerto Plata er ein by på nordkysten av Den dominikanske republikken. Byen har om lag 136 000 innbyggjarar. Han er eksporthamn for sukker, tobakk og kaffi. Puerto Plata har internasjonal flyplass, og turisme er ei viktig næring. Byen vart grunnlagd i 1502.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2013
Sist oppdatert: 05.04.2013