Hopp til innhold
X
Innhald

Puno

Puno, by i det sørlege Peru med om lag 109 000 innbyggjarar. Han ligg på 3826 moh. ved Titicacasjøen. Byen er eit kommunikasjons- og handelssentrum, mellom anna for handel med alpakka- og lamaull. I tillegg er turisme ei viktig næring. Han har båtsamband til Guaqui i Bolivia og jernbane til Cusco og Arequipa. Puno har dessutan teknisk høgskule. Byen vart grunnlagd i 1668.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012