Hopp til innhold
 Notre Dame des Victoires, foto: Alexander Glintschert flickr.com CC BY
Notre Dame des Victoires, foto: Alexander Glintschert flickr.com CC BY
X
Innhald

Québec

Québec er ein by i Canada. Byen ligg ved St. Lawrence-elva og er hovudstad i provinsen Québec. Québec er den eldste byen i Canada. Han har 516 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 696 000. Dei fleste innbyggjarane er fransktalande katolikkar. Québec er hamneby, og viktige næringar er lettindustri og turisme. Byen har fleire universitet, blant dei Université Laval, grunnlagd i 1852. Kyrkja Notre Dame des Victoires, grunnlagd i 1688, er ein viktig turistattraksjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2013
Sist oppdatert: 05.04.2013