Hopp til innhold

 Querétaro, foto: Angel Job, flickr.com CC BY
Querétaro, foto: Angel Job, flickr.com CC BY
X
Innhald

Querétaro

Querétaro er hovudstad i delstaten Querétaro i Mexico. Byen ligg nordvest for Mexico by, og han har om lag 804 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 1,1 millionar. Byen har flyindustri og er senter for Bombardier Aerospace, og han har også bomullsindustri og elektronikkindustri. Querétaro har fleire universitet.
Byen var grunnlagd av otomi-indianarane, og spanjolane tok over byen i 1531. Mange bygningar i byen er i spansk kolonistil. Keisar Maximillian vart skoten i Querétaro 1867, og Mexico si grunnlov av 1917 vart skriven her. Det historiske sentrumet vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1996.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2013
Sist oppdatert: 05.04.2013