Hopp til innhold
X
Innhald

Quetzaltenango

Quetzaltenango, by i det sørvestlege Guatemala, på 2335 moh. Han har om lag 128 000 innbyggjarar og er sentrum for handel mellom kysten og høglandet. Tekstilindustri og bryggjeri er viktige næringar.
Byen var hovudstad i eit indiansk rike før spaniarane erobra området i 1524. Quetzaltenango vart øydelagd av vulkanutbrot i 1902.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012