Hopp til innhold
X
Innhald

Quito

Quito, by og hovudstad i Ecuador med om lag 1,8 millionar innbyggjarar med forstader. Han ligg på 2850 moh. og er det politiske og kulturelle sentrumet i landet.
 
Byen har ei historie som skriv seg frå fleire hundre år før han i 1487 vart innlemma i Inkariket. Spaniarane erobra han i 1534. Arkitektonisk kan ein i Quito framleis sjå mykje av den spanske kolonistilen. Byen har elles universitet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.01.2012
Sist oppdatert: 17.01.2012